18. juli 2008

Målsak, marxisme og melodiar (i alle høve nesten).

No sit eg på sentralkontoret til NMU, betre kjend som Skrivarstova, for her er det internett, og det er det ikkje i Nordahl Bruns gate 6, der eg bur. Eg har vore innom Håkki-butikken og kjøpt ei t-skjorte der det står "James Brown" og "Like a fax machine" og "1933-2006" og ikkje minst "Håkki".

Eg kjøpte òg to 3"-cd-ar - ein av støyartisten Alexander Rishaug - som ikkje må forvekslast med den meir kjende Marhaug - og ein av Deaf Leopard AKA Andreas Meland. Eg har sitte å høyrd på dei i skrivarstova, og det er ingen her til å irritera seg over at ljodene som kjem ut av høgtalarane, og seia at det ikkje er musikk. For eg er her åleine for alle andre har fri, og det er litt hærleg.

Medan eg sat å leste om målstrid og marxisme, mest i samband med NMU-skulen, men litt for å førebu meg til ordskifte på SU-sumarleir, skreiv eg ein song om Espresso og Jäger. Kanskje ho vert prenta i Motmæle, men eg har mine tvil. Han er på dialekt og går om lag slik:

Om du e' kviting eller neger
det passe' alle steder'
med espresso og litt Jäger.
- Espresso og litt Jäger!

Om du burde gått te' lege
kan du fylla opp eitt beger
med espresso og litt Jäger.
- Espresso og litt Jäger!

Kom ein tur te' osse'
- me bur rett øve Esso -
og få litt Jäger med espresso.
- Litt Jäger med espresso!

Om du seie' nei te' pesto
og heller vil ha fest - O!
Ta litt Jäger med espresso.
- Litt Jäger med espresso!

16. juli 2008

Espresso og jäger.

No har det kome ei ny runde med vloggutskiftingar. Den siste er Janne. Eg derimot held stann mot vloggbytinga. Skulle berre mangla so mykje bry eg hadde med å skifta vevbunaden på han den eine natta.

Om ikkje vloggen er ny, so er i alle høve omgjevnadene mine det. Eg har for tida flytt til Oslo. I eit huggeleg og særs sentralt NMU-kollektiv med Vebjørn, Maria og Synnøve. No snyltar eg på eit usikra nettverk, og det er sovidt eg torer sjekka e-posten. Eg freistar jobba med NMU-skulen(TM), men alt går litt treigt sidan det er ferie og "næter er ljosa som dagar".

Me har no skaffa oss det som vanta mest i leiligheita - kaffitraktar. Me fekk ein god, brukt ein frå Gudrun og Tarjei. Han hadde espressomaskin og greier (men eg lurer framleis på kva dei har freista kjøyra gjennom espressomaskinsystemet for å gjera det so skite. Berre vatn kan det umogleg ha vore).

I går fekk eg for fyrste gong espressomaskina til å fungera skikkeleg, etter å ha skrudd på dei skruene som var i maskina. I dag prøvde eg ut espresso med ei lita drope Jägermeister (eller to). Skeptisismen vaks inni meg då eg helte jägeren ned i den perfekte espressoen, men forsvann då det heile, mot alt til og med ég hadde trudd, daug! Det daug faktisk ikkje so reint værst, for å vera ærleg. Espresso med jäger tilrår eg på det varmaste. Inkje reinskar opp som dét! Funkar båe til frukosts og fests!

9. juni 2008

X-amen

Eg kom opp i ensembleleiing munnleg/praktisk eksamen. No er det berre å setja i gang og veiva med armane!

2. juni 2008

Utfordringa

Utan at eg fekk det med meg, vart eg utfordra av ulrikke til å halda fram denne "tråden", eller kva eg no skal kalla det:

* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* “Tagg” nokre folk og gje ære til vedkomande som “tagga” deg.

Den næraste "boka" eg hadde var eigentleg "Lagshandboka" til Norsk Målungdom, men sidan den ikkje er ei eigentleg bok, men i mitt høve ei bunke med ark stripsa saman, valde eg "U3" av Kjartan Fløgstad. Det var ikkje mange sentimetra i skilnad mellom dei i alle høve. Det heile kom an på kva del av kroppen eg tok utgangspunkt i. Lagshandboka har dessutan for få sider.

So her kjem det:

"Ei veke seinare får dei utbetalt ledigheitstrygd. Seks dollar dagen. Dei neste dagane går med til krangel om det skal trekkast tretti prosent skatt av trygdebeløpet."



So var det berre å "tagga", ev. "setja merkelapp på" nokre som ikkje er "merkelappa" allereie.
Eg trur eg vel Eirik WS og Yri.

27. mai 2008

Bondeungdom

Kanskje dette hadde vore ein idé for Norsk Bondelag òg?

19. mai 2008

Rogaland.Målungdom.no

No har målungdomen i Rogaland fått ein eigen aktivistvevlogg, med den enkle adressa rogaland.målungdom.no. Ta turen innom og sjå kva som skjer!

23. april 2008

Robotane

Robotane

Me ladar våre batteri
No er me full' av energi
Me er robotane

Me funkar automatisk
Og me dansar særs mekanisk
Me er robotane

Me er lett å programera
so me gjer alt du ber oss gjera
Me er robotane

Ja tvoi sluga
Ja tvoi rabotnik
Me er robotane

21. april 2008

Skal du ha eksamen i nynorsk?!

Skal du ha eksamen i Nynorsk? Er du redd for å få ein dårleg eller middelmådig karakter, eller har du berre lyst til å få 6 i staden for 5?

Kom på nynorskkurs med Ingar Arnøy, 7. Mai klokka 16.00 på Folkets Hus i Stavanger.

Kurset er gratis, men me set pris på om du gjer melding om du kjem på nynorskkurs@e-post.no.

Ver der, eller ver ein noldus (og ingen vil vel vera ein noldus!).

6. mars 2008

Uro i Time Mållag

I går kveld på Time Mållag sitt årsmøte, trakk Tarald Oma seg som leiar. Etter å ha røysta over om Time Mållag skal meina at Garborgsenteret skal vera eit frittståande bygg eller ein del av Forum Jæren, vann det siste forslaget med fira røyster, og dette var grunnen til at Oma trakk seg. Den nye leiaren av Time Mållag heiter Inger Undheim, og er i motsetnad til Oma og dei fleste andre i Time og Rogaland Mållag, ganske ung.

Tette er alt vel og bra, men ganske keisamt og ikkje særleg interessant. Derrimot er det noko med dette biletet eg vil gjera dykke merksame på:

Frå Venstre: Tarald Oma, Åsmund Roheim, Reier Carlsen, Else Marie Rasmussen, Inger Undheim og Kirsten Tegle Bryne.



Er det berre meg eller held Reier Carlsen, han tredje frå venstre ein kniv? Har han tenkt å knivstikka Else Marie Rasmussen?
(følg med vidare...)

10. februar 2008

Legg om til nynorsk - elles er du ein NOLDUS!

Skal me tru NRK, noko me sjølvsagt skal, er det alle høve nokre i dette landet som ikkje vil vera noldusar.